Tettare og viktigare samarbeid enn nokon gong
Etter 70 år med Nordisk råd har det nordiske samarbeidet aldri vore tettare og viktigare for våre demokratiske velferdssamfunn.
FAMILIE: Nordisk samarbeid stod på dagsordenen då dei nordiske statsministrane møtte kvarandre i Helsinki, til møte i Nordisk råd, denne veka. Det bør vi hegne om, skriv Vårt Land på leiarplass.
Ole Berg-Rusten
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
I år feirar parlamentarikarsamarbeidet Nordisk råd 70 år. Det kunne knapt skjedd i ei meir passande tid, med utryggleik og krig i Europa.
Samarbeidet starta med å sørgje for at det skulle bli lettare for nordiske borgarar å jobbe og bevege seg på tvers av landegrensene, og har resultert i ein nordisk passunion, felles arbeidsmarknad og det nordiske miljømerket Svanemarket – for å nemne noko.