«Svart hol i beredskapen»
Dei mange droneobservasjonane over kritisk norsk infrastruktur viser ei alvorleg sårbarheit ved norsk beredskap, mener Vårt Land.
POLITIDRONE: Politiet har sjølv tatt i bruk droner i operative hendingar, men treng meir teknologi for å stanse bruken av ulovlege og fiendtlege dronar på norsk jord, skriv Vårt Land på leiarplass.
Heiko Junge/NTB
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Sidan juli har Avinor meldt 27 moglege droneobservasjonar til politiet. Dei siste månadane har droneaktiviteten over kritisk norsk infrastruktur tatt seg kraftig opp. Onsdag morgon måtte Bergen lufthamn Flesland stengje. Dronane vart observert rundt den viktige marinebasen Haakonsvern, ved innflyginga til Flesland. Søndag kveld vart luftrommet over Stavanger og Haugesund stengd i nesten ein time etter at det vart observert ei drone frå flytårnet på Stavanger lufthamn Sola.
Den siste månaden har politiet gjennomført over 70 avhøyr knytt til etterforsking av droneobservasjonar. Store aksjonar er blitt sett i verk ved anlegg som Kårstø prosessanlegg og annan kritisk infrastruktur i Norge. I fleire av sakene med dei store dronane som er observert, har verken dronane eller dronepilotane blitt funne.
Bestill abonnement her
KJØP