Putin-showet var propaganda, ikkje journalistikk

Tucker Carlsons såkalla intervju med den russiske presidenten fungerte som eit russisk propagandastunt. Som eksempel på historiemanipulasjon, propaganda og russisk imperialisme, var det reine ord for penga.

Russlands president Vladimir Putin har blitt intervjuet av den tidligere Fox-journalisten Tucker Carlsen. Intervjuet publiseres ved midnatt torsdag kveld norsk tid. Foto: Alexander Zemlianisjenko / AP / NTB
LØGNAR: Det såkalla intervjuet med Tucker Carlson tener ingen annan sak enn å gje Vladimir Putin ein kanal for å formidle propagandaen sin inn til amerikanske og vestlege borgarar, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Den tidlegare Fox News-programleiaren Tucker Carlson kallar seg journalist og prøver å opptre som ein. Det gjorde han òg då han kringkasta det over to timar lange propagandashowet med Vladimir Putin frå Moskva til sine følgarar. Carlson stilte Putin få reelt kritiske spørsmål. Journalistikk handlar om å rapportere fakta og sanning, og skilje det frå løgn og propaganda.

«Dersom nokon seier at det regnar ute og ein annan person seier at det er tørt, er det ikkje jobben din å sitere begge. Det er jobben din å sjå ut av vindauget og vurdere kva som stemmer», har den egyptiske journalisten Shahira Amin formulert som journalistikkens grunnregel.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS