Norges utanrikspolitikk står fjellstøtt
Etter valet av Trump er vår linje i utanrikspolitikken viktigare enn nokon gong.
ERFARING: Det er ingenting som tyder på at Donald Trump vil melde USA ut av Nato, skriv Vårt Land på leiarplass.
Francisco Seco/AP
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Det er ingenting som tyder på at Donald Trump vil melde USA ut av Nato. Sabelraslinga hans om Nato hadde til hensikt å få europeiske allierte til å betale meir for eigen tryggleik. Der har situasjonen endra seg drastisk sidan fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022. Europeiske land tar stadig tyngre ansvar for eigen tryggleik.
Det er likevel utrygge tider og uføreseieleg å vite kva som kjem. Vi veit ikkje korleis Trumps USA vil sjå ut, men sannsynet er langt større for at det vil ha negative konsekvensar for latinamerikanske borgarar i USA, dei han meiner er ulovlege innvandrarar, enn det vil prege forholdet til Nato. Som vi såg då Trump var president førre gong, vart forholdet til Nato handtert av klokt diplomati frå mellom andre dåverande Nato-leiar Jens Stoltenberg.