Norge må ta ansvar i Pakistan
No tenker mange nordmenn på familien som vert ramma av flaum i Pakistan. Det er på tide at Norge tar ansvar.
KATASTROFE: Flaumen i Pakistan er ein klimakatastrofe, og Norge må ta del sin del av ansvaret for hjelp, gjenoppbygging og klimatilpassing, skriv Vårt Land på leiarplass.
Zahid Hussain/AP
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Alle som har sett dei forferdelege TV-bileta frå flaumen i Pakistan, forstår omfanget av katastrofen. Tala snakkar òg eit tydeleg språk: 1200 menneske er stadfesta omkomne, tre millionar er flaumfaste og fleire enn 18000 skular er ramma av vassmassane. Som den største innvandrargruppa i Norge, har mange norsk-pakistanarar nære band til mange i det flaumherja landet.
Nytt godt
Bestill abonnement her
KJØP