Neglisjerer nynorsken
Bokhandlerforeningen er nøydd til å ta aktive grep for å hindre at den fullstendig skeive praksisen held fram.
I går ettermiddag blei forfattar Simon Stranger tildelt Bokhandlerprisen 2018 for romanen Leksikon om lys og mørke. Handlinga tek utgangspunkt i Strangers jødiske svigerfamilie som etter andre verdskrigen flytta inn landssvikaren Henry Rinnans samlingspunkt for Rinnan-banden, det såkalla Bandeklosteret. Romanen er allereie blitt lagt merke til internasjonalt, og det amerikanske storforlaget Knopf er blant dei som har kjøpt rettane til boka.
LES OGSÅ: En litterær snublestein
Vi gratulerer Stranger med prisen, noko som også inneber ei auka synleggjering her heime. Prisvinnaren blir stemt fram blant tilsette i bokhandlar over heile landet, og kan rekne med solid eksponering og godt sal. Det betyr mykje kva slags bøker bokhandlane sjølve har tru på og vel å fremje.
Bestill abonnement her
KJØP