Mange kinesarar har fått nok
Kommuniststyret i Kina har avslørt inkompetansen sin i møte med koronapandemien. Protestane mot regimet kan få enorme konsekvensar, og bør få støtte frå vestlege land.
RASERI: Regimet har i kjend stil svara med eit massivt politioppbod. Dei som forståeleg protesterer mot det menneskerettsfiendtlege regimet, bør få støtte frå vestlege land, skriv Vårt Land på leiarplass.
AP Photo
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Kina har tviheldt på sin strenge og uforståelege nullsmittestrategi i møte med koronaviruset. Spesielt har den manglande vaksineringa av den eldre delen av befolkninga blitt trekt fram som grunngjeving for dei restriktive tiltaka. Berre kring 65 prosent av personar over 80 år er fullvaksinert i landet, og kinesiske styresmakter har ikkje heller godkjend generell bruk av mRNA-vaksinar.
Protestar er sjeldan kost i det kommunistiske Kina, men likevel vart fleire byar ramma av omfattande protestar førre helg. Dei vart utløyst av ein brann i Urumqi der ti menneske døydde, heilt aust i landet der ein stor del av befolkninga er uigurar. Fordi ein del av koronastrategien til styresmaktene har gått ut på å sette hengelås på dørene til folk i nedstengde bydelar, var redningsarbeidet i den brennande blokka krevjande.
Bestill abonnement her
KJØP