«Kriminalomsorga må respektere religionsfridomen»

Det er ein menneskerett å få utøve religionen sin i tråd med eiga overtyding. Dei to jødiske innsette i Kongsvinger fengsel må få koshermaten dei krev.

mat
MATLEVERING: Det Mosaiske Trossamfund i Oslo ønskjer å hjelpe til med å få levert koshermat på døra i Kongsvinger fengsel, men Kriminalomsorga seier nei. Det er ikkje godt nok, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I 2021 vart to jødiske menn utlevert til Norge frå Israel. Sidan då har dei to kjempa for retten til å få etterleve dei jødiske kosherreglane, som regulerer kva mat dei som praktiserande jødar kan ete. Å ete koshermat handlar om pakta mellom Gud og det jødiske folket. Michael Gritzman arbeider i Det Mosaiske Trossamfund (DMT) i Oslo, og seier til Vårt Land at det er «utenkjeleg for ein praktiserande jøde å ete mat som ikkje er kosher. Det er sjølve hjarta i jødedommen å praktisere dei ulike religiøse påboda. Kosherreglane er dermed den daglege og kontinuerlege praktiseringa av jødedommen».

Tunfisk på boks, laks og egg

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP