«Hyttebygginga må bremse»
Vi kan ikkje øydelegge naturen med den storstilte hyttebygginga som er planlagt i Norge dei neste åra.
FÆRRE: Den storstilte hyttebygginga øydelegg naturen. Derfor burde fleire dele hytte, skriv Vårt Land på leiarplass.
Berit Keilen/NTB
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Areal tilsvarande 200.000 fotballbaner, fire gonger storleiken av Mjøsa og tre og ein halv gonger meir areal enn dei eksisterande tettbygde hytteområda. Det er det dei gjeldande arealplanane legg opp til at vi kan bruke på hyttebygging dei neste åra, i følge Norsk institutt for naturforsking (Nina).
I dag er det 445.513 hytter i Norge. Norsk institutt for naturforsking (Nina) meiner eit konservativt estimat fortel at utbyggingsplanane legg til rette for ei dobling av talet på hytter i dag, slik at vi får nær ein million. Hytter er i utgangspunktet ein fin og positiv del av norsk kultur som mange har eit nært forhold til, men med dei aukande klimaproblema kan vi ikkje lukke augo for at det òg vil føre til auka klimautslepp. Vi veit òg at det vil føre til tap av viktig natur. Med veksten det er lagt opp til vil store areal bli utsett for grove naturinngrep. Dyr og artar får mindre boltreplass, og naturen absorberer mindre av det som skjer med klimaet.
Bestill abonnement her
KJØP