Aldri naivitet i møte med valdelege kriminelle
Det kostar å gje politiet meir ressursar. Men om vi ventar og lar problema bli større, blir kostnaden langt høgare både i kroner og menneskeliv.
VALD: Sjølv om justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) held fram at det framleis er klare forskjellar på Norge og Sverige, er det urovekkande å vere vitne til utviklinga, skriv Vårt Land på leiarplass.
Annika Byrde/NTB
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Dei siste vekene har det vore fleire alvorlege valdshendingar i Norge. Mange av desse har føregått i offentlege rom, som til dømes då ein person vart påkøyrd og alvorleg skadd på Solli plass i Oslo for to veker sidan. 24. oktober gjekk det av ei bombe i Drøbak. Utanfor Mossehallen vart ein svensk statsborgar skoten fleire gonger førre veke. Onsdag morgon oppdaga polititet ved Åsane politistasjon i Bergen fem kulehol og fleire prosjektil inne på stasjonen.
Kriminelle nettverk er farlege
Bestill abonnement her
KJØP