Trier med eksistensielt meisterverk
Joachim Triers Oslo, 31. august går til djupet av menneskesjela og til djupet av Oslo.
Anders Danielsen Lie maktar i Joachim Triers Oslo, 31.august å spele fram det store, mørke tomrommet i ei nomen sjel.
Filmweb
Regissør Joachim Trier og manusforfattar Eskil Vogt hausta mange gode ord og internasjonal merksemd for Reprise, som kom for fem år sidan. Det er allereie fleire månader sidan Oslo, 31. august hadde verdspremiere i Cannes, til meir skryt frå både norsk og internasjonal presse. I mellomtida kom 22. juli – og både Oslo og Triers film har fått nye fortolkingsnøklar. Det er opplagt at mange vil sjå Oslo, 31. august med denne andre datoen i bakhovudet. At filmen såleis får eit ekstra meiningsnivå, er berre eitt av mange uttrykk for det som er det reelle her: Oslo, 31. august er stor kunst.
Kvifor er Oslo, 31 . august stor kunst? Vi kunne begynt med den nydelege fotograferinga og den visuelle stiltryggleiken. Vi kunne begynt med det effektive, men aldri for openberre forholdet mellom musikk og bilete. Forholdet mellom nyskaping og tradisjonsfortolking, slik manuset tek utgangspunkt i den franske romanen Le feu follet (av Pierre Drieu La Rochelle). Den kløktige sirkelkomposisjonen, som både avsluttar, vender attende og peiker fram.
Nomen sjel. Men vi skal byrje med Anders Danielsen Lie. Han etablerer rollefiguren Anders som eit menneske av kjøt og blod, meir enn ein skugge på filmduken. Danielsen Lie maktar å spele fram det store, mørke tomrommet i ei nomen sjel. Ordlaust viser han oss eit menneske i eksistensiell krise, slik filmen opnar med at Anders prøver å drukne seg. Når hovudpersonen sjølv opnar munnen, har det ikkje skjedd noko spesielt. Anders har erstatta den store livsløgna med eit panser av små løgner. Blokaden står likevel for fall.
Bestill abonnement her
KJØP