Vil ikkje spele meir i bryllaup: - Kan ikkje bruke tid på å lære meg Kaptein Sabeltann
KULTUR: Når organistar skal spele i bryllaup, ber brureparet ofte om songar som krev mykje ekstra arbeid. Andrew Gilbert Wilder meiner det må skje ein endring.
TIDKREVJANDE: Andre Gilbert Wilder fortel at det er tidkrevjande å oppfylle musikkønskane til brurepar.
Adam Read
– Organistar blir spurd om å spele brurepars favoritt songar til bryllaupsseremonien, men dette er ofte songar som er ukjende for meg, og som krev mykje ekstra arbeid. Enten med å lære meg utanåt, finne besifring, eller notere ned sjølv fordi det ikkje finst skikkeleg notar til songen, seier Andrew Gilbert Wilder.
Wilder er organist i Vågsbygd Kyrkje og har tatt på seg fleire spelejobbar i bryllaup og gravferder. I vår spelte han truleg sitt siste bryllaup.
– Det må skje ein endring før eg skal spele bryllaup igjen, seier Wilder.
Bestill abonnement her
KJØP