Vil blåse liv i kristencountry med limousin og godt humør
MUSIKK: Hovudscena til Bedehusmann har vore bedehus. No skal bandet på Skjærgårds-festivalen for første gong.
BEDEHUSMANN: I denne limousinen reiser bandet på tur. Frå venstre: Håkon Langeland på kassegitar og vokal, Olaf Mosby på bass, Mats Hansen på banjo og vokal, Hans Martin Hageland på tromme, Håkon Hageland på trekkspel og piano, Åsmund Øvland på mandolin, Eivind Iveland på lap steel gitar.
Adam Read
Blå jeans, gule og blå flanellskjorter og ein mørk limousin er det som kjenneteiknar countrygruppa Bedehusmann frå Vennesla.
– Bandet er ein kompisgjeng som elskar Jesus og country, seier vokalisten og banjospelaren Mats Hansen.
Instrumenta dei bruker er typisk for country eller bluegrass: banjo, lapsteel-gitar og mandolin. Trekkspel er ikkje så typisk sjangeren, men det har dei tatt med frå bedehuskulturen.