Tyst om Mankells
raude engasjement
I Noreg fekk Jon Michelet snakke fritt på fjernsyn om den avdøde forfattaren Henning Mankells raude bakgrunn. I Sverige blir dette knapt nemnt.
I Sverige ties det om Henning Mankells bakgrunn fra AKP(ml), skriver Alf Kjetil Walgermo.
TT NEWS AGENCY
Då den svenske forfattaren Henning Mankell døydde tidlegare denne veka, var bøkene hans omsett til 40 språk og seld i over 40 millionar eksemplar. Ikkje minst er han kjend for krimromanane sine om politietterforskaren Kurt Wallander, som også er filmatiserte i fleng, både spelefilmar og TV-seriar.
Mankell er også kjent for engasjementet sitt for Afrika, og skreiv fleire bøker med handling frå Mosambik, der han budde gjennom delar av livet.
Derimot er det nærmast tyst i Sverige om bakgrunnen hans frå AKP(ml), skal vi tru Mankells forfattarkollega og ven, Jan Guillou, som nyleg skreiv minneord om Mankell i Aftonbladet. Ifølgje Guillou snakka kulturjournalistane seg varme om Mankells samfunnsengasjement, men nemnte aldri at han var sosialist.
Bestill abonnement her
KJØP