Kirke

Tradisjonelt og moderne

Med ein dyktig pianist, litt upbeat rytme og songglade kyrkjegjengarar gjer Centralkyrkja gamle salmar moderne.

Bilde 1 av 2

På eit hjørne av Ring 1, ved sida av kontorlokale og eit steinkast frå Filadelfia, står det Centralkirken i store bokstavar over ei dør. Går du inn døra, møter du smilande kyrkjevertar som tar deg i handa og deler ut kyrkjelydsbladet. Det ser ut til at alle helsar på alle. Meg smiler folk til, men det er først etter gudstenesta at eg skal finna ut at drøset sit godt òg mellom nye kjende.

Metodistane si største kyrkje i Oslo har lurt eit heilt kyrkjerom med både høgt tak og farga glasruter inn i St. Olavsgate 23. Bak endå ei glasdør i ekte 60-talskvalitet, opnar himmelen seg – bokstavelig talt. Himmelkvelvingen er like blå som ute. Eg kjenner mange kristne som er skeptiske til magi inn i gudshusa våre, men eg kan ikkje la vera å dra parallellen mellom det blå over meg og det forheksa taket på Galtvort i Harry Potter-universet.

Forutan blå himmel, er det ikkje mykje utsmykking å kvila auga på i Centralkyrkja. Det er berre nokre skulpturar og bilete ved altaret. I staden er kyrkjerommet ein blanding av rikt og enkelt, med lysekroner og sølvfat, gule veggar og forsamlingsstolar. Over altaret er det ein projektor som ønskjer velkommen, og scenen har altarring, altar med preikestol og eit flygel på sida. For meg ser det ut som ei blanding av bygdekyrkje og heimleg bedehus, det likar eg.

MISJONSSALEN: Som å gå attende i tid

Upbeat

Metodistkyrkja har ein sentralt utforma liturgi, malar for dette finst på kyrkja sin nasjonale nettstad. Kjekt for den som som vil planta ei ny kyrkje.

Det er gjerne ein frå kyrkje­lyden som leier gudstenesta ­saman med ein prest. Denne sundagen startar dei to guds­tenesta ved å be framfor altaret, medan dagens pianist, Kåre Øgreid, spelar. Så kjem ei salme, helsing, trusvedkjenninga, fleire salmar, og høgtlesing frå Bibelen.

To som nyleg har kome inn i kyrkjelyden les bibeltekster og tenner lys under bøna. For meg, som er på jakt etter ein stad å bli tatt imot, er det kjekt å sjå korleis Centralkyrkja gjer nye medlem synlege.

Dei som har vore på gudsteneste i ei luthersk kyrkje vil kjenna seg igjen i konseptet. Musikken er derimot annleis. Trass i salmar frå både 1600- og 1800-­talet, er det meir fart i lydane. Det er tradisjonelt, ja, men med ein dyktig pianist, litt upbeat rytme og songglade kyrkjegjengarar er Centralkyrkja sin musikk på ein måte moderne likevel.

Nett som i utsjånaden, balanserer kyrkjelyden det tradisjonelle og moderne uttrykket ­under gudstenesta. Det rituelle, som fast liturgi, kvit kjortel på presten, og tenning av lys i ein globe under bøna, er kombinert med det frigjorte og pedagogiske, for eksempel når eit yngre medlem syng to lovsongar under gudstenesta, og når Thor Willy Ruud Hansen, som leier gudstenesta, brukar fleire minutt på å fortelja kvifor kyrkja tek opp kollekt.

FILADELFIA: Gode talarar og handbrygga kaffi

Trua er som ugras

Likningane om sennepsfrøet og surdeigen (Luk 13,18-21) er utgangspunktet for preika til prest Maria Pedersen. Ho taler om korleis vår individuelle tru tar ei reise frå å vera eit lite frø eller ein liten kultur til å bli ein del av heile oss.

Noko eg bit meg merke i, er formuleringa hennar om at surdeigen har tatt over i oss eller byggjer seg opp til å gjera det. For nokon er trua på Gud sterk og kjennest som om ho fyller heile­ kroppen. For andre er trua i ­arbeid til å bli noko større, som når surdeigskulturen først byrjar­ å virka i deigen. Det kjennest ­inkluderande at presten ikkje berre snakkar om at folk trur, men også at folk er på ulike stadium av trua si rolle i livet deira.

Vidare reflekterer presten over kvifor Jesus brukte nett senneps­frø og surdeig som eksempel for å snakka om tru. Dette var heilt kvardagslege ting den tida, ja, Pedersen fortel at senneps­busken var ugras og surdeigen urein, fortel Pedersen.

Eg tolka det som at ho ville gjera trua tilgjengelig og heilt vanleg for folk, og eg blei rørt av orda. Det er viktig for meg at folk ikkje må føla seg som perfekte kristne for å kunne seia at dei trur på Jesus. Når eg møter ihuga kristne som verkar å ha alt på stell, har eg ofte følt meg mislykka som truande. Eg ­møter framleis (spesielt unge) menneske­ som ikkje har blitt fortalt at trua kan vere ei prosess, nett som ein surdeig.

Med det inkluderande språket i preika er eg trygg på at dei av vennene mine som ikkje er super­kristne ville føla seg sett og forstått her.

ST. OLAV DOMKIRKE: Saman med dei heilage

Helsa på kvarandre

Guds­tenesta sluttar ved at pianisten spelar medan leiar og prest går ut. Det er stille frå kyrkjegjengarane, som kanskje nyttar stunda til eiga bøn. Men så fort musikken stilnar, tek dei møtande igjen fatt på å helsa på kvarandre. Denne gong blir eg òg helst på, og eg blir invitert på kyrkjekaffi. Folk smiler og er interesserte i å bli kjende med kvarandre.

Kyrkjerommet er under halvfullt denne søndagen, og det er i all hovudsak eldre som har møtt opp. Eg får høyra at det vanlegvis er betre og meir mangfaldig oppmøte, og kyrkjelydsbladet eg kikkar i på bussen heim stadfestar at det finst aktivitetar for alle aldersgrupper. Samstundes er det snålt å vera ein av berre ei handfull under 60. Kor har borna, ungdomen og foreldregenerasjonen gjort av seg? Mangfaldet er nemleg det eg saknar ­absolutt mest.

På meg verkar det som at Centralkirken prøver å vera inkluderande og samstundes behalde forankringa i ei evangelikal tradisjon. For nokon kan det å presentera opne teologiske tolkingar klussa til ideen om at kyrkja skal visa klart éi retning – og berre den.

Samstundes er nok dette forankra i metodismen som rørsle. Eg les blant anna at kyrkja er open for mangfald på nettstaden deira. For somme gir det fridom, medan andre kan oppfatta det som å vere utydeleg.

URANIENBORG: Mellom makt og rikdom

Positiv

For meg syner Centralkyrkja seg som både ei tradisjonell og moderne kyrkje. Det er rom for tryggleik i rituala, og personleg utvikling i preika. I tillegg er det ei positiv kjensle i både gudstenesta sitt innhald og relasjonane mellom folka som går der. Eg tolkar det som ein meir glad versjon av Den norske kyrkja eller bedehusa på Sør- og Vestlandet. Kanskje er ikkje dette ei kyrkje for deg som vil ha mange ritual eller reglar. Er du derimot lysten på ei kyrkje som tør å diskutera teologi, er inkluderande og i tillegg syng dei lystigaste 1600-talssalmene? Då kan eg anbefale kyrkja med den blå himmelkvelvingen neste søndag.

---

Kyrkjespire

  • St. Birgitta er på jakt etter ei kyrkje ein kan slå rot i. Ho besøkjer ulike gudstenester og skildrar førsteinntrykket.
  • Kyrkjelyd: Centralkirken, Oslo
  • Kyrkjesamfunn: Metodistkyrkja i Noreg
  • Synleg tilrettelegging: Rampe for rullestol.
  • Omsetjing til engelsk: Evangelieteksten. Elles ikkje.
  • Dåp: Av barn, og vaksne som kjem til trua.
  • Vigsel: Ja, for par av ulikt kjønn.
  • Dato besøkt: 29. april 2018

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke