Tore Renberg: – Vi går ned i ein djup og problematisk dal etter Martin Luther
LITTERATUR: Tore Renberg har lese gamle, kristne skrifter og er nedslått over det «formørka» klimaet etter den lutherske reformasjonen. – Hovudstemmen i det luthersk-ortodokse regimet er driven av undergang, straff og tukt, seier han.
FANN LYS I MØRK TID: Forfattaren Tore Renberg løftar fram den kristne 1600-talsjuristen Christian Thomasius som eit lyspunkt i ei tid han meiner var formørka av tonen i det «luthersk-ortodokse regimet».
Sindre Deschington
Tore Renberg har fordjupa seg i protestantiske skrifter frå 1600-talet. Forfattaren som i fjor kom ut med romanen Lungeflyteprøven, blei så interessert i den eine romanpersonen sin at han kjente behovet for å formidle meir av det han hadde lært om juristen Christian Thomasius og tida han levde i. I arbeidet med essayboka Aktivisten har Renberg dukka djupt i den religiøse debatten som prega 1600-talet og det tidlege 1700-talet.
– Det første som slo meg var kor formørkande den første tida etter reformasjonen var, seier Renberg.
– Det finst ei folkeleg forestelling om «den mørke mellomalderen», før det lysnar og lysnar fram mot vår tid. Det skjer ikkje. Eg vil hevde ganske bestemt at vi går ned i ein djup og problematisk dal etter Martin Luther.