Til krig med poesi som våpen
Meir enn sterke slagord og propaganda, kan poesien få folk til å ville ofre livet for Allah i heilag krig.
11 år gamle Amna Al-Arair resiterer eit anti-Israel-dikt ho har skrive under eit islamsk jihad-opprør i Gaza i år 2000.
ENRIC MARTI
Forskarar og analytikarar har oversett kor viktig rolle moderne arabisk jihadist-poesi har for rekruttering til militante jihadist-grupper som til dømes IS og al-Qaida. Det meiner Elisabeth Kendall, seniorforskar i arabisk ved Pembroke College Oxford i Storbritannia. Ho har vore fire år i Jemen for å undersøke korleis jihadistar blir rekrutterte til al-Qaida.
– Det er som regel dei praktiske aspekta som er i fokus, som kor dei er, kor mykje våpen dei har, logistikk og operasjonelle ambisjonar. Det blir i liten grad tatt stilling til dei «mjukare» sidene ved jihad – kva føler dei? Kva er det som driv kjenslene deira? Kva inspirerer dei? seier Kendall.
LES OGSÅ: Religionens voldelige side
Bestill abonnement her
KJØP