Thorvalds saga
Thorvald Steens triumf av ein roman konfronterer lesaren med eksistensielle spørsmål om menneskeverd og retten til liv, om skam og forteiing og avvik.
Dette kunne lett ha blitt til ei forteljing om ei slem mor og hennar lidande barn, skriv Knut Ødegård. Men Steen unngår svart/kvitt-teikninga ved å få oss til å spørja om kvifor skam oppstår rundt sjukdom og liding, kvifor vi dekker over det som er annleis. Biletet er frå eit Min tro-intervju i Vårt Land i 2015.
Nyleg las eg ein roman av ein av våre mestseljande krimforfattarar: Ja, tenkte eg etterpå, dette er godt komponert, her er det død og dop og svik og kamp og intrigar. Men likevel: Romanen fortalde meg ikkje noko nytt om å vera menneske, eg hadde berre fått nokre timars underhaldning. Eg visste ikkje meir om å vera menneske etterpå, eg sjølv var den same.
Mysteriet mennesket
Thorvald Steens forfattarskap har eit anna utgangspunkt enn å snikra seg ei underhaldande forteljing som folk kjøper. Dét er vel skilnaden mellom forfattarskap og diktekunst: Diktekunst, om det er prosa eller poesi, er fortetta forklaring av mysteriet mennesket – for å bruka i overkant store ord.