Tek grep for å unngå fyllefest på femmila
I fjor vart femmila i Holmenkollen prega av fyll og kaos. I år får arrangøren hjelp frå KRIK og Idrett Uten Alkohol til å lage eit alkoholfritt tilbod. Men det tradisjonsrike arrangementet har alltid hatt eit rufsete tilsnitt, meiner folklorist Thor Gotaas.
– Talet på publikumarar har auka enormt dei siste åra, og alkoholmengda folk får i seg, har ikkje minska, seier Scott Reinhard, seksjonsleiar for dei frivillige på skifestivalen.
I dag klokka ti går femmila på nytt av stabelen i Holmenkollen. Mange hugsar avisoverskriftene frå femmila i fjor. Det vart rapportert om russestemning langs løypene, og då den feststemte folkeskaren skulle heim, braut kaoset ut. Fulle folk byrja gå i T-banesporet, og store forseinkingar leia til endelause køar.
– I fjor var det mange unge som drog på femmila for å ta seg ein fest og sjå ungdomsidolet Johannes Klæbo. Rennet starta godt ut på dagen, så fleire kom seg opp enn elles. I tillegg har lengda på løypa blitt kortare, så folk står veldig tett for tida. Det var mange unge med lite erfaring som drakk. Alle desse faktorane gjorde at det såg litt verre ut enn vanleg dette året, seier Thor Gotaas.