– Songane hans styrkte fellesskapet
LILLEBJØRN NILSEN (1950–2024): – «Barn av regnbuen» minner oss om korleis vi ønsker å vere, seier forfattar og prest Elisabeth Thorsen. Ho hugsar korleis 40.000 menneske etter terroren i 2011 song songen på Youngstorget.
REGNBOGEBARN: Tusenvis av mennesker song «Barn av regnbuen» saman med Lillebjørn Nilsen på Youngstorget i 2012. Aksjonen markerer ein protest etter at Anders Behring Breivik i rettssaka omtalte songen som eit døm på marxistisk indoktrinering av barn.
Heiko Junge/NPK
Elisabeth Thorsen hugsar korleis songane til Lillebjørn Nilsen prega henne allereie som barn. På skulen lærte ho å spele gitar gjennom Lillebjørns gitarbok, med ein musikklærar som var svært glad i songane hans.
– Eg følte at Lillebjørn Nilsen gav ord til det å vere barn. Og han gav oss noko som fekk oss til å kjenne at vi høyrde saman, på tvers av forskjellar. Det å vere barn var noko viktig. Og det var viktig å høyre saman, både lokalt og i verda, seier Thorsen.
Lillebjørn Nilsen døydde laurdag 27. januar.
Bestill abonnement her
KJØP