Kultur

Sjå på døden

Den Norges-aktuelle oppsettinga viser eit ekte filmopptak av ei kvinne som døyr med hjelp frå legen. Koreograf Alain Platel seier han har laga eit stykke om sorg over døden og feiring av livet.

Bilde 1 av 3

– For mange er det ei lette å sjå nokon døy. Det gjer dei ein sjanse til å snakke opent om død. Eg trur vi kan lære noko av det, seier Platel.

I april syner Dansens Hus i Oslo Requiem pour L. Oppsettinga har blitt kritisert av The Guardian for å utnytte tragedien til eit anna menneske, medan britiske The Times melder at koreografen handterer dødstematikken på ein episk og sensitiv måte. Platel er klar over at oppsettinga er kontroversiell.

– Å bruke filmen er eit radikalt val. Folk vart sjokkerte og meinte eg gjekk over ei grense, men eg er ikkje ute etter å provosere, eller lage eit stykke om eutanasi. Det eg ønskjer å gjere, er å konfrontere meg sjølv og andre med det som er ukomfortabelt.

Musikk

Med 14 musikarar frå Afrika, Brasil og Europa på scena liknar oppsettinga meir ein konsert enn ei danseoppsetting. Den kontroversielle filmen og visuelle element knytt til holocaust plasserer likevel stykket i performance-sjangeren. Ensemblet, som består av jazzmusikarar og operasongarar, tek utganspunkt i musikken Mozarts Requiem.

– Mozart fullførte ikkje dette stykket før han døydde, difor har stykket fleire tomrom. Det gav komponisten vår, Fabrizio Cassol, inspirasjon til å eksperimentere med andre musikksjangrar og fullføre stykket på sin eigen måte.

Platel har jobba mykje med musikarane for å integrere deira liv i kunstverket.

– Eg vil at musikarane skal vere i eit eige modus medan dei opptrer, difor oppmoda eg dei til å ta med eigne erfaringar med død på scena. Oppsettinga har fleire teikn frå liva deira.

LES OGSÅ: Opera og ballett blir til eitt i «Dido og Aeneas»

Ekte død

Med musikk og koreografi på plass, følte Platel likevel at noko mangla.

– Eg har behandla død i kunsten min tidlegare, men det har det alltid vore som ein metafor. Ei dødsmesse er ein metafor for døden, så eg tenkte det var viktig å faktisk sjå nokon døy i denne oppsettinga.

Platel kontakta ein lege og venn som jobbar med folk som snart skal døy, naturleg eller sjølvvalt, og spurte om han visste om nokon som kunne tenke seg å vere med i tilstellinga.

– Han vart sjokkert, men samstundes interessert i ideen min. Så han let meg snakke med fleire personar som låg for døden. Dette heldt eg på med i eitt år.

Ein av desse heitte Lucy. Ho hadde bestemt seg for å døy og ville snakke med Platel om prosjektet.

– Eg trudde ikkje det ville la seg gjere. Eg var sikker på det ville bli for problematisk, så eg var heile tida klar til å droppe planen. Så kom Lucy og inviterte meg til å filme døden hennar og dele det med publikum.

Eit dødsfall handlar vel så mykje om dei som blir igjen. Platel var difor oppteken av at familien til Lucy også skulle vere komfortable med at dødsfallet blei brukt i kunstverket.

– Eg snakka mykje med familien for å vere sikker på at det kjendest greitt for dei.

Då premieren sto for dør i januar 2018, var filmen med. Sidan den gong har dei turnert i mange europeiske byar.

– Stilla som legg seg i salen når musikarane ikkje speler, er veldig mektig. Eg trudde folk ville bli veldig nedstemde av oppsettinga, men det er ikkje tilfellet – dei fleste går ut med meir energi. Det var overraskande.

LES OGSÅ: Fleire og fleire legar vil er for aktiv dødshjelp

Sorg og feiring

– Kva tilfører filmen verket?

– Ved å ta døden til scena, gjev eg publikum sjansen til å snakke om han og ta han inn i livet. I Europa er vi så gode på å gøyme døden. Når publikum ser Lucy sovne inn og døy, byrjar dei tenke på si eiga erfaring med døden. Dei byrjar tenke på si eiga mor, eller nokon andre dei kjenner som har døydd.

Den norske gravferda ber preg av mørke klede og sorgtunge andlet. Såleis er det ikkje alle andre plassar. I jazzbyen New Orleans marsjerer gravfølgjet med orkester i gatene. Til å byrje med speler dei seige og sortunge tonar, men etter kvart aukar tempoet og til slutt bryt følgjet ut i dans og feiring av livet til den døde. Platel saknar eit element av feiring i den europeiske dødsritual.

– Gravferder i Kongo er heilt annleis enn våre. Dei har store festar med dans og synging, medan våre er deprimerande og mørke. Eg ville ikkje farge oppsettinga med berre det eine eller det andre, difor ber ho preg av både feiring og sorg.

Sjølv har koreografen hatt eit vanskeleg forhold til døden. Å arbeide kunstnarisk med tematikken har gjort det litt enklare å akseptere at han sjølv skal døy ein dag.

– Å vere nær nokon som døyr, har gitt meg litt meir fred. Eg trur eg har konfrontert meg sjølv med døden på rett tidspunkt. Tidlegare i livet ville eg nok vore redd og freista gjere opprør mot døden. No innser eg at eg har fått leve eit fantastisk liv, det gjer det lettare å akseptere at ein dag døyr eg.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur