Serverer hardrock på barnefestival
MUSIKK: I sommar spelar det norske hardrockbandet Kvelertak på musikkfestivalen Miniøya, som er for barn opp til 16 år. – Vi prøver å strekke i omgrepet «barnekultur», seier kunstnarisk leiar Laila Egeberg.
TIL MINIØYA: Bandet Kvelertak, med vokalist Ivar Nikolaisen i front, skal spele sin einaste sommarkonsert i Oslo på barnefestivalen Miniøya i juni.
Stian Andersen
Med låtar som «Krøterveg te Helvete», «Fedrekult» og «Likvoke» på repertoaret kjem det norske metal-bandet Kvelertak til Tøyenparken i Oslo i juni for å spele for barn. Kvelertak, som er eit av dei fremste norske rockebanda og er kjente både i Noreg og internasjonalt, gjer med dette sin einaste sommarkonsert i den norske hovudstaden.
Kunstnarisk leiar Laila Egeberg i Miniøya er godt nøgd med bookinga, som ho meiner er i samsvar med den overordna visjonen til festivalen.
– Vi ønsker å skape opplevingar som overraskar og engasjerer, og prøver å strekke i omgrepa «barnekultur» og «barnemusikk». Barn har ei mykje større breidde og er klar for eit større repertoar enn dei får i andre kanalar der ein høyrer på og oppdagar ny musikk, seier Egeberg.