– I Polen er du enten veldig for kyrkja, eller så hånar du det kyrkja står for. Det speglar seg også i poesien som etter kommunismen ber preg av anarkisme og nihilisme. Dagens poetar tuller med ord og dyrkar ei tomheit som eg ikkje likar, seier illustratør og poet, Alicja Rosé.

Då Rosé fekk vere gjesteredaktør for dei to polske tidsskrifta Nowa Dekada Krakowska og Czas Literatury, bestemte ho seg for å publisere norsk poesi som tar føre seg metafysikk og religiøse spørsmål.

– Unge poetar i Norge er opptekne av tru på ein open og ekte måte. Dei skriv ærleg og utforskande om tru. Tekstane er opne, djupe og utan aggresjon – dei vil verkeleg forstå noko.

Polarisert

I følgje Rosé er det slike dikt Polen treng.

– Det er ein vanskeleg situasjon i Polen no. Vi er så polariserte. Vi treng noko annleis, vi treng lys og håp så vi kan lære å snakke saman igjen. Eg håpar det er mogleg.

I januar tok ho med seg Ane Nydal, Aina Villanger og Gunnar Wærness på lanseringa av tidsskrifta i Krakow og Warszawa.

– Korleis vart dei norske poetane mottekne?

– Dei fekk veldig god respons. Eg kunne sjå at folk er tørste etter denne typen poesi, det var som om dei drakk orda til dei norske poetane. Folk kjenner ikkje til denne måten å skrive om religion på.

LES OGSÅ: Polsk poesitime på Nationaltheatret

Religion og politikk

Ane Nydal og Aina Villanger fekk oppleve polsk engasjement og at vegen frå metafysisk poesi til politisk diskusjon er kort.

– I Warszawa var dei høglydte og hadde mykje engasjement. Tema for utgivinga var religion, men det gjekk fort over til politikk. Eg tykkjer det er interessant korleis religiøsitet heng saman med politikk på ein heilt anna måte i Polen, seier Aina Villanger.

Den sittande regjeringa i Polen står for ei konservativ dreiing i politikken. Myndigheitene blir mellom anna kritisert for negative haldingar til homofili og streng handtering av abortforbodet. Då Nydal og Villanger var i Polen, var landet enno prega av drapet på den liberale ordføraren i Gdansk.

– Alvoret i dagens Polen var så tydeleg på grunn av den drepne borgarmeistaren frå Gdansk, som snakka mykje om toleranse og openheit, vart gravlagd då vi var der. Han vart hylla på fasadar og i gatene var det demonstrasjonar mot den splittande retorikken til regjeringa. På bakgrunn av dette var det interessant å bli presentert som del av eit knippe norske forfattarar som skriv om religion og metafysikk i vårt fredelege hjørne av verda. Men kva polske lesarar får ut av det, anar eg eigentleg ikkje, seier Ane Nydal.

LES OGSÅ: Polske kvinner reiser til Tyskland for å ta abort

Muslimfrykt

Nydal nytta sjansen til å fortelje om modige muslimske debattantar.

– Nokre polske lesarar spurte korleis religion kjem til syne i dagleglivet i Norge. Då fortalde eg om dei unge muslimske kvinnene som er samfunnsdebutantar og snakkar både etniske nordmenn og konservative imamar midt imot. Eg ville gjerne snakke om dette då muslimfrykta er stor i Polen, trass i at muslimane berre utgjer 35.000 av ei befolkning på 38 millionar.

Trass i at Norge er eit meir sekulært land enn Polen, har mange poetar dei seinare åra ofte drøfta religiøse spørsmål i diktinga deira.

– Publikum lurte på kvifor gudsspørsmålet dukkar opp i diktinga vår når vi kjem frå eit land som er så lite oppteken av Gud og religiøsitet. Er det eit resultat av ein søken etter noko vi manglar? Såleis er det nok for meg. Eg nærmar meg det religiøse med ironisk distanse, samstundes som det ligg ei ekte undring der, seier Villanger.

Dialog

Framover håper Rosé at norsk poesi skal bidrege til at polane smeltar i Polen, og at nordmenn kjem seg ut av komfortsona.

Norge har to ting å lære av Polen: Fantasi og opprør. Det er ikkje plass til å vere annleis i Norge. Det gjeld både i skrivinga og i det verkelege livet. Korleis de bygger hus og kva de puttar i dei. Alle har jo dei same skeiene og koppane! Polakkar elskar fantasi og fridom, difor er vi veldig opprørske. I Norge, og særleg Sverige, følgjer de reglane uansett kor ulogiske dei er.