Opnar porten til William Blakes religiøse univers

LITTERATUR: Geir Uthaug har formidla diktinga og biletkunsten til britiske William Blake i eit heilt liv. – Gjennom Blake kjem vi i kontakt med det evige, seier han.

william blake
VISJONÆR DIKTAR: William Blake har ein særeigen plass i litteraturhistoria. Den nye utgåva av «Uskyldens og erfaringens sanger» har alle originalbileta til Blake i fargetrykk.
Publisert Sist oppdatert

William Blake høyrer med blant dei store diktarane i litteraturhistoria, samtidig som han heile livet var ein komplett outsider. På sett og vis er den britiske poeten og kunstmålaren framleis i utkanten av det litterære etablissementet. Dei som har fått auga opp for han, er derimot svært entusiastiske.

Ein av dei fremste formidlarane av Blake i Noreg er forfattaren og gjendiktaren Geir Uthaug, som blant anna står bak den store Blake-biografien Den kosmiske smie (2000). I desse dagar er han aktuell med ei nyutgiving av Uskyldens og Erfaringens sanger, som han omtaler som «den mest opne porten til Blakes verd».

– Kvifor er boka ein god inngangsport til William Blakes univers?

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP