Ny og sprek konfirmantbibel
Den nye bibelutgåva for konfirmantar kjem med daudinghovud i graffiti på omslaget.
Graffitikunstnaren Thomas Stønjums versjon av ein daudingskalle pryder framsida på den nye Konfirmantbibelen.
frå omslaget til den nye Konfirmantbibelen
Bibelen som konfirmantbok er eit ti år gammalt konsept, då dåverande Tunsberg-biskop Sigurd Osberg tok initiativ til ei bibelutgåve med konfirmantbok og bibelvegvisar, alt mellom to permar.
– Med ny bibeltekst var det ei sjølvfølgje at Konfirmantbibelen måtte fornyast, seier forlagsredaktør i Bibelselskapet, Hans-Olav Mørk, til Vårt Land.
Først og fremst har Bibelselskapet jobba med «innsteget» til bibelboka – å hjelpe konfirmantane til å sjå samanhengen mellom deira eigne livserfaringar og bibelteksten. Heilt først i boka kan dei lese to sterke forteljingar om andre ungdommars møte med Bibelen. Aller mest slåande er kanskje likevel det visuelle uttrykket på bibelutgåva. Konfirmantbibelen kjem med fire valfrie omslag som ligg i ei plastlomme utanpå grunnboka. Eitt av dei er signert graffitikunstnaren Thomas Stønjum og føresteller ein daudingskalle med blomstrar i augehòlene.
Bestill abonnement her
KJØP