– Norsk lovsong er meir mangfaldig enn før

LOVSONG: Norske lovsongstekstar er meir orientert mot sine norske, kristne røter enn tidlegare, meiner musikkvitar Aleksander Lorentzen.

David Andre Østby, lovsang 19
LOVSONG I ENDRING: Lovsongsleiar David Andre Østby på konferansen Lovsang 19, som fann stad i 2019. Musikkvitar Aleksander Lorentzen har merka seg ein endring i norsk lovsong dei seinaste åra.
Publisert Sist oppdatert

Den tidlegare lovsongsartisten Rudi Myntevik hadde nyleg på trykk eit essay i Vårt Land der han skriv både om sine eigne erfaringar som lovsongsartist og om stoda for nye norske lovsongar i dag. Blant anna etterlyser han større musikalsk mangfald i lovsongen, og han diskuterer tendensen med at mange songar i dag blir skrivne av kristne miljø, ikkje av enkeltpersonar.

– Det siste skal nok eg ta ein del av æra eller skulda for, seier David André Østby, som er kreativ pastor i Filadefiakirken Oslo og ein sentral figur i norsk lovsong.

Der Østby i starten skreiv mykje åleine, blei han etter kvart meir opptatt av at lovsongar, som blir sunge av eit kollektiv, også skulle skrivast av eit kollektiv. Blant anna skreiv han sin første lovsong på norsk nettopp saman med Rudi Myntevik for rundt femten år sidan. Og han har vore aktiv i å føre ulike låtskrivarar saman på tvers av kyrkjeleg og regional tilknyting.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS