– Når du plagierer, både lyg og stel du
ETIKK: Direktøren for god forskingsetikk, Helene Ingierd, kallar plagiering for eit alvorleg brot på linje med fabrikkering og forfalsking. Blant norske forskarar har 14 av 100 rapportert om kollegaer som har plagiert.
TRENG MEIR ETIKK: Helene Ingierd, direktør for De nasjonale forskningsetiske komiteene, meiner at det er behov for meir kunnskap om forskingsetikk.
Privat
Ei undersøking for nokre år sidan avdekka at rundt 14 prosent av forskarane i Noreg meiner det finst plagiering i tekstar av kollegaene deira. Ein lågare prosentdel rapporterer å ha drive med plagiering sjølv.
– Det er likevel all grunn til å tru at dei 14 prosenta ligg nærmare realiteten. Det samsvarer også med det ein har funne internasjonalt, seier direktør Helene Ingierd i De nasjonale forskningsetiske komiteene.
Dette er ein statleg etat under Kunnskapsdepartementet som jobbar for at forsking skal halde seg innanfor anerkjente etiske normer. Plagiering, å bruke andre sine tekstar utan å vise fram kjelda, er eit klart brot på desse normene.