Frå før eig Mentor Medier mellom andre Vårt Land, Dagsavisen, svenske Dagen og fleire mindre aviser og forlag.

No blir dei i tillegg hovudeigar i tradisjonsrike Morgenbladet.

– Vi er veldig godt fornøgde med at Morgenbladet blir ein del av Mentor Medier. Vi ønskjer å vere det beste eigarmijløet for medieselskap med ulike verdimessige og ideologiske ståstader, seier Per Magne Tveiten, konsernsjef i Mentor Medier.

Konsernsjef i Mentor Medier Per Magne Tveite og Morgenbladet-redaktør Sun Heidi Sæbø.
Foto: Mentor Medier / Hilde Unosen / montasje

201 år lang historie

Morgenbladet er i dag éi av dei leiande meiningsberande avisene i Noreg, men røtene går heilt tilbake til 1819. Avisa er den eldste riksavisa i Noreg og blei etablert av Niels Wulfsberg. I dag har avisa 83.000 vekentlege lesarar, 29 medarbeidarar og hadde ei omsetning på 75 millionar kroner i 2019.

– Morgenbladet har lange tradisjonar som ei viktig stemme i den offentlege debatten, ein posisjon avisa har forsterka ytterlegare dei siste åra. Vi ser fram til å bidra til vidareutvikling av Morgenbladet basert på den eksisterande profilen til avisa, seier Tveiten.

Ansvarleg redaktør og administrerande direktør i Morgenbladet, Sun Heidi Sæbø, blir ein del av konsernleiinga i Mentor Medier. Ho er glad for at Mentor Medier går inn i selskapet.

– Eg er overtydd om at vi får eigarar som er opptekne av å sikre og vidareutvikle den unike posisjonen til Morgenbladet som ei intellektuell og meiningsberande avis. Våre kommande eigarar har vist at dei er villige til å satse på nisjeaviser som set samfunnsoppdraget høgt, og vi har derfor stor tru på at dei forstår viktigheita av å hegne om eigenarten til Morgenbladet, seier Sæbø.

Tok over etter intern konflikt

Morgenbladet har vore eigd av NHST Media Group sidan 2015. Dei kjøpte 49 prosent av aksjane i 2013, før dei auka eigardelen til 90,8 prosent to år seinare. NHST er ei forkorting av Norges Handels- og Sjøfartstidende, det tidlegare namnet på Dagens Næringslivet. Mediekonsernet er hovudeigar av Dagens Næringsliv.

– Eg vil gjerne få takke for eit profesjonelt, lærerikt og godt samarbeid med NHST i den tida eg har vore i Morgenbladet, seier Sæbø.

Ho starta som samfunnsredaktør i Morgenbladet hausten 2019, før ho blei konstituert som redaktør i oktober. I slutten av januar i år fekk ho stillinga på heiltid.

Sæbø tok over etter Anna B. Jenssen, som gjekk av etter ein konflikt med dei tilsette i avisa. Konflikten starta då Morgenbladet skulle kutte åtte millionar kroner, noko som gjorde at avisa tilbaud sluttpakkar til alle tilsette. Redaksjonsklubben i Morgenbladet reagerte kraftig og erklærte mellom anna mistillit mot Jenssen og NHST-styreleiar Amund Djuve.

I dag tysdag blei det klart at Mentor Medier kjøper heile aksjeposten til NHST Media Group i avisa Morgenbladet. På bildet ser vi Per Magne Tveiten, konsernsjef i Mentor Medier, Sun Heidi Sæbø, ansvarleg redaktør og adminstrerande direktør i Morgenbladet, og Hege Yli Melhus Ask, konsernsjef i NHST Media Group.
Foto: Mikaela Berg / Dagens Næringsliv
Hege Yli Melhus Ask, konsernsjef i NHST Media Group, Sun Heidi Sæbø, ansvarleg redaktør og adminstrerande direktør i Morgenbladet, og Per Magne Tveiten, konsernsjef i Mentor Medier, saman tysdag. Foto: Mikaela Berg / Dagens Næringsliv

NHST-konsernsjef: – Dette var inga enkel avgjerd

No tek Mentor Medier over alle aksjane til NHST Media Group. Salssummen er på 40 millionar kroner, noko som gir NHST ein rekneskapsmessig gevinst. Det var likevel ei tøff avgjerd å selje Morgenbladet, ifølgje NHST-konsernsjef Hege Yli Melhus Ask.

– Medarbeidarar og leiarar i Morgenbladet kan vere stolte av det dei har fått til dei siste åra. Dette var inga enkel avgjerd. Men etter at Mentor Medier tok kontakt, gjorde vi ei grundig vurdering, med utgangspunkt i den framtidige strategien til NHST, seier Ask.

Ho omtalar avgjerda som rett og naturleg.

– Når vi no sel Morgenbladet får den eldste riksavisa i Noreg ein ny, god heim, der dei kan forsterke og utvikle posisjonen som den leiande avisa for intellektuelt nysgjerrige. Samstundes kan NHST konsentrere innsats og investeringar mot næringslivs- og nisjepublikasjonar i Noreg og globalt, seier konsernsjefen i NHST.

I tillegg til Mentor Medier er Stiftinga Fritt Ord og AS Forlagsfinans inne på eigarsida i Morgenbladet. Begge har ein eigarpost på 4,5 prosent.

 

LES OGSÅ: 

Sp vil gi 12 millionar til avisene som taper på ny pressestøtte

Stort fall i pressestøtta for dei kristne dagsavisene: – Det er vanskeleg å forsone seg med

Vårt Lands Bjørn Kristoffer Bore kåret til årets redaktør