Kultur

Med skuldkjensla som motor

I det gløymde verket Jesus Messias, trekker Arne Garborg slutningar som ein moderne teolog.

Det seier Gudleiv Bø. Han er ­professor emeritus i nordisk ­litteratur, og har no skrive bok om Arne Garborgs (1851–1924) kristendom. Ho ber tittelen ­Jesus frå Jæren, og her granskar Bø ein av dei gløymde tekstane til Garborg: I 1906 skreiv nemleg forfattaren den teologiske ­avhandlinga Jesus Messias.

– Argumenta hans verkar rett nok å vere historiske, men konklusjonane hans er forbløffande aktuelle, og parallelle med Marcus Borg sine, seier Bø.

Han viser til den liberale teologen og forfattaren som har vore i søkjelyset det siste året. Borgs bok Gjenoppdag kristendommen vart i fjor omsett til norsk. Her gyv amerikanaren laus på det han kallar ein «himmel-og-helvete-kristendom».

Jesu liv

Bø har i ein manns-­alder interessert seg for forfattarskapen til Garborg, og i Jesus frå Jæren drøftar han det ukjende verket Jesus Messias opp mot Garborgs skjønnlitterære tekstar – men og til teologiske strømmingar både i Garborgs samtid og heilt opp til vår tid.

Bø teiknar ei utvikling i Garborgs tekstar, som kulminerer med at han heilt forlet diktinga, og freistar å resonnere seg fram til ein teologi. Han byggjer då på den historiske Jesu liv-­forskinga, ein tradisjon som ynskte å kome bak kyrkjas teologi, og sjå kva som reint historiske kunne ­påvisast om Jesu liv.

Bø kallar Jesus Messias eit ­rasjonalistisk Jesus-portrett. Garborgs Jesus er ein tømmermannson frå Nasaret – og eit geni.

– Han hadde særskilte evner, men var framfor alt eit moralsk geni: Han fornya den jødiske ­moralen frå ein pliktetikk til ein sinnelagsetikk, fortel Bø, som meiner Jesus Messias seier ­mykje om Garborgs eigen situasjon.

LES OGSÅ: Manglar teologi – blir prestar

Venstre-Jesus

For det første er teksta forma av at Garborg høyrer til 1905-generasjonen i Noreg og det nasjonale venstre som er anti-høgre, anti-embetsstand og anti-dansk.

– Garborg skriv ein analogi mellom si eiga venstrerørsle i Noreg og Jesus-rørsla i Israel, seier Bø.

– Jesus-rørsla var anti-dansk?

– Jesus-rørsla var ­undertrykte av dei romerske ­heidningane, og samstundes av ei moralsk overklasse som meinte dei ­hadde monopol på sanninga, altså ­farisearane. Jesus blir då ein ­genial målbærer av den ­intuitive sanninga. Han var eit folkeleg geni, slik som Blix, Aasen, og som Garborg sjølv var. Noreg var i det heile tatt veldig opptatt av ­slike naturlege geni på ­denne tida – menn som ikkje alltid hadde ­utdanning, men som berre ­visste, og som hadde ein visjon.

Moraltru

For det andre, ­seier Bø, fortel teksta at Garborg – sjølv om han ettertrykkjeleg sa at han ikkje hadde nokon ­religion – likevel har ein religion. Denne er Jesu lære – som står i ­motsetnad til kyrkja si lære om Jesus. Sjølve kjernen i Garborgs religion er difor moralen.

– Slik som Descartes sa ­«cogito ergo sum», og byggjer sin ­filosofi på at han veit at han tenkjer, så byggjer Garborgs filosofi på at han veit at han står i skuld. Viss du veit at du har skuld, må det óg vere ei moralnorm som du har synda mot, seier Bø, og fortel at Garborg heile livet sleit med skuldkjensle av di faren tok sitt eige liv.

Historia om faren fortel han indirekte i romanen Fred.

– Far til Garborg tok livet av seg av di han følte at Gud gjekk i mot ham. Først opplevde han ei pietistisk vekking, gjekk rundt og følte seg salig. Men så gjekk ting i mot han, og då trekte han den slutninga at Gud ikkje var nøgd med han. Det klarte han ikkje å halde ut, fortel Bø.

Rettferd

Om det er ein Gud bak Garborgs moralnorm, svarar ikkje Garborg på. Men dei fiktive figurane i forfattarskapen hans svarar på det, seier Bø.

– Læraren snakkar til dømes frimodig om Gud, men Garborg snakkar aldri på eigne vegne om Gud. Hans religion har ikkje noko etterliv. Men moralen er likevel ein realitet, og Garborg seier at Jesus` store mirakel for verda, var at han gjorde denne moralen synleg.

Og ein slik sosialmoralsk ­appell deler Garborg med ­andre Jesu-liv-granskarar – og med nemnde Marcus Borg, meiner Bø. I Jesu føredømme kan ein hente ut ein visjon av rettferd mellom menneska. Men det er óg ­skilnader, meiner Bø:

Borg har eit meir resignert menneskesyn enn Garborg. Vi må forstå det, seier Bø, som eit svar på Paulus si erfaring «for eg gjer ikkje det gode som eg vil, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg». Borgs Gud er såleis ein Gud for eit menneske som sviktar den moralske intuisjonen sin, skriv han.

Garborg gjev på si side mykje plass og tankekraft til ­spørsmålet om rettvise og gjengjelding, og Bø meiner det kan synast som om Garborg har eit strengt Jesus-bilde – eit som skal rydde op i alt som var gale i «det kristelige samfund» – mens han har ein mild Gud Fader, som har romsleg tolsemd for kva folk trudde.

– Det er likevel viktig å hugse på at det er stor skilnad mellom Garborgs rettferd og Jesu rettferd: For Garborg var straffa for umoral at du øydelegg ditt eige jordiske liv; for Jesus var straffa at du øydelegg for utsiktene dine i Messiasriket.

LES OGSÅ: Flere følger prestekallet

Som Tolstoj

Bø si interesse for Garborg starta med at han for «tusen år sidan», som han ­seier, skreiv ei hovudoppgåve om Arne Garborg og den ­russiske ­forfattaren Lev Tolstoj, som Garborg tykte vel om. Som Tolstoj var Garborg ein rasjonalist og skarp kritikar av kyrkja. Men på 1890-talet skjer ei vending som peiker fram mot Jesus Messias. Den byrjar i 1895 med Haug­tussa, der han fantaserer seg inn i trua i det gamle ­bygdenoreg: Der folk lever i ei verd med både lyse og mørke makter. Han ­fylgjer opp med Læraren, som er eit ramsalt angrep på pietismen, og etter det – Den burtkomne Faderen.

– Men så endar det jo med at han forlet fantasien og fiksjonen og skriv dette Jesusportrettet.

– Mista han trua på kva skjønnlitteraturen kan fortelje?

– Eg trur han gjekk tørr. I ­poesien – men ikkje i ­intellektet, seier Bø, og meiner ­kjeldene i ­Jesus Messias framhever ­vendinga. Det er dei tre synoptiske evangelia som har noko å seie. Breva til Paulus, og ikkje minst Johannes-evangeliet, er han skeptisk til.

– Garborgs prosjekt er jo ­dokumentarisme. Og han ­skaper slik om myta om Gudesonen som frelsa verda gjennom ­sonofringa, til eit historisk portrett av ein ­genial folkeprofet.

Les mer om mer disse temaene:

Heidi Marie Lindekleiv

Heidi Marie Lindekleiv

Heidi Marie Lindekleiv er journalist i kulturavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur