Kvifor drøymer vi om ei kvit jul?
IDEAR: Den svenske idéhistorikaren og snøeksperten Sverker Sörlin meiner at snø er ein viktig faktor i den norske identiteten. Men utsikter til snøtung julestemning kan han ikkje gi håpefulle løfter om.
NASJONSBYGGING: Den svenske idéhistorikaren Sverker Sörlin meiner at snø er ein viktig del av den norske identiteten og ein byggestein i den norske nasjonsreisinga. Kvit jul kan det likevel spøke for fleire stader, trur han.
Erik Abel
– I Noreg er «kvit jul» eit omgrep som er blitt del av ein nasjonal tradisjon, seier den svenske idéhistorikaren Sverker Sörlin.
Han er professor i miljøhistorie og snart aktuell på norsk med boka Snø. Ifølgje snøeksperten vaks romantiseringa av jul og snø fram på 1800- og 1900-talet, men har etter kvart fått skikkeleg rotfeste i befolkninga i vår del av verda.
– Så å seie alle barn lærer seg å like den kvite jula. Også dei vaksne gjer det, seier han.