Det store fallet
Går det an å skilje kunsten frå kunstnaren? Debatten om tildelinga av Ibsenprisen til den austerrikske forfattaren Peter Handke, reiser viktige prinsipielle spørsmål.
I går heldt den austerrikske forfattaren Peter Handke takketale i Ibsens fødeby, Skien. Debatten rundt Ibsenprisvinnaren har kokt i fleire veker, og Handke sjølv uttrykte i takketalen at han var i Noreg for å motta ein pris som mange av innbyggarane i landet var imot. Handke har fått hard kritikk for at han ikkje har fordømt Srebenica-massakren som eit folkemord, og for at han talte i gravferda til den tidlegare serbiske presidenten, Slobodan Milosevic. Forfattar Øyvind Berg og professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Bernt Hagtvedt, har vore blant dei mest profilerte kritikarane. Hagtvedt, som er ekspert på folkemordstudier, seier til NRK at det «å gi Ibsenprisen til ein mann som støttar folkemord, er ein skandale og juryen bør gå av».
Den kroatiske forfattaren Slavenka Drakulic, som nyleg heldt årets Bjørnsonførelesing om fred og forsoning, seier til Dagsavisen at Handke har vanæra seg sjølv ved å halde hyllesttale i gravferda til Milosevic. «Det er trist at ein så profilert forfattar tar side med krigsforbrytarane», meiner Drakulic. Civitas historikar Bård Larsen skreiv på kronikkplass i Vårt Land at Handke er ein «tilhengar av serbisk fascisme» og at han aldri burde ha fått prisen.
LES OGSÅ: – Lukker øynene for fascisme
Bestill abonnement her
KJØP