Jul i litteraturen: – Det heilage i det kvardagslege

BØKER: Jesu fødsel er meir nærverande i den eldre julelektyren enn den nye, men skjønnlitterære bøker med juletematikk breier om seg. – Vi må prøve å halde alt liv heilagt, ikkje berre Jesusbarnet, seier forfattar Ingvild H. Rishøi.

rishøi
JUL OG BARNDOM: Ingvild Rishøis roman «Stargate – en julefortelling» handlar om to søstre som må ta over jobben til den alkoholiserte faren før jul. Dei blir juletreseljarar.
Publisert Sist oppdatert

Jula står sterkt i litteraturen. Dei seinare åra har vi sett ei rekke titlar som tek for seg juletematikk, både i underhaldningsromanar og kritikarrost skjønnlitteratur. Ein forfattar som fekk strålande kritikkar då ho kom ut med kortromanen Stargate – en julefortelling for to år sidan, er Ingvild H. Rishøi.

– Då eg skreiv boka, stod det klart for meg frå byrjinga at eg skreiv ei juleforteljing. Eg har alltid likt bøker om barn som ordnar opp. Er ikkje det eigentleg kristendommen oppsummert, seier ho, med tydeleg referanse til Jesusbarnet i det bibelske juleevangeliet.

Bibelen har den mest kjente juleforteljinga av alle, om det vesle barnet som blei fødd, sveipt og lagt i ei krybbe. Sidan har ei rekke forfattarar over heile verda skrive sine eigne forteljingar om jul.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP