Inspirerte av barnemusikk frå heile verda
Trondheimsartistar framførte barnesongar frå heile verda under Olavsfestdagene i Trondheim i går. – Vi må møte kulturuttrykka til kvarandre med eit ope sinn, seier artisten Marie Sahba.
Det siste året har musikkprodusent Jostein Ansnes saman med musikarane Rasmus Rohde og Sunniva Hovde jobba med å samle inn barnesongar frå heile verda. Prosjektet, som heiter Noa, vart presentert for første gong i form av ein konsert med trønderske artistar under barneprogrammet til Olavsfestdagene i Trondheim i går.
– Det er veldig mykje kultur i innvandrarmiljøa i Noreg som ikkje kjem til overflata, seier Ansnes, som er leiar av trondheimsbaserte Øra Studio og har jobba mykje med musikk for barn.
Med Noa vil han løfte fram i alle fall ein liten del av det.