Heddapris til naken kritikk
Heddaprisvinnaren sto naken på scena som ein kritikk mot kommersialiseringa av kvinnekroppen. – Men framsyninga er også kritisk til kvinnene som brukar kroppen sin for å kome seg opp og fram, seier Helga Guren.
Helga Guren vann Heddaprisen for beste kvinnelege hovudrolle – der ho sto naken på scena i ein time. – Det er eg sjølv som har tatt initiativet til å gjere denne viktige teksten, så eg var klar over kva det innebar, seier ho.
Trine Sirnes
Lårene. Pikkene. Berømmelsen.
Slik er gangen i monolog-framsyninga Dritt//La Merda, som Helga Guren har vunne prisen for beste kvinnelege skodespelar med. Dramatikar Cristian Ceresoli har kalla stykket for ein tragedie i tre satsar, men ikkje fordi det går ille med den kvinnelege protagonisten.
– Ho vinn ho, i sine auge, seier Guren. – Men sett utanfrå gjer ho jo absolutt ikkje det. Stykket vekslar mellom ærlig brutalitet og ein veldig humor i framstillinga av kva ho er villig til å gjere for å oppnå suksess.