Harmonisk håp i ei dunkel verd

KYRKJEMUSIKK: Eivind Buenes nyskrivne verk til Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival står i samband med eit lysritual frå påskeveka. Festivalen har komme seg gjennom pandemien, men må hanskast med låg kronekurs og ein ustabil verdssituasjon.

Eivind Buene og Song Circus
URPREMIERE: Komponisten Eivind Buene, som før helga vann Musikkforleggernes pris for beste verk innan klassisk og samtidsmusikk, er aktuell med urpremiere på eit nytt verk på Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival. Kammerensemblet Song Circus står for songen.
Publisert Sist oppdatert

I renessansen kom ideen om å framføre musikk i skimmeret av femten talglys. Etter kvar «leksjon» i Leçons de ténèbres – «mørkets leksjoner» – blei det blåst ut eitt lys, heilt til det siste lyset blei sløkt på langfredag.

No har komponisten Eivind Buene skrive eit nytt verk i samtale med denne tradisjonen, og ikkje minst François Couperins Leçons de ténèbres frå 1714. Verket får urpremiere under Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival, som går føre seg i den norske hovudstaden frå 8. mars til 17. mars.

– Musikken i Leçons de ténèbres var skriven ut frå Klagesongane i Bibelen. Det har fascinert meg at musikken kan vere utruleg vakker, harmonisk og rik, mens tekstane er svært mørke og dystre. Klagesongane handlar jo om øydelegginga av Jerusalem for 2600 år sidan, seier Buene.

Powered by Labrador CMS