Kultur

– Grensene blir flytta

Den nye fascismen er ironisk, morosam og smart, og mange kjenner den ikkje att, meiner holbergprisvinnar Paul Gilroy. - Derfor er det viktig å lytte svært godt, seier han.

– Oh, do I get the throne?

Paul Gilroy set seg til rette i ein overraskande staselig lenestol på Studentsenteret i Bergen. Holbergprisvinnaren har dress og dreadlocks, og tonefallet hans ber preg av ein britisk sans for humor. Han snakkar om det som går rette vegen:

– Som barn i London hende det at folk kasta ting på meg, kalla meg neger og ba meg reise tilbake der eg kom frå. I'm really glad they don't do that anymore!

Latteren til Gilroy startar hest, før den går over i ei djup klukking. Samtidig er han alvorleg.

– Det er det same kva dei folka tenkjer i sitt stille sinn, seier han.

– Det viktige for meg er at denne måten å intimidere andre på ikkje lenger er akseptabel i det offentlege rom. Det er heilt klart ei forbetring.

Ekte forsking

Livet til den 63 år gamle professoren, som skal nytte denne veka til programpostar knytt til holbergprisutdelinga, har unektelig vore prega av framsteg. For hans eigen del, og for fagfeltet han har vore med på å utforme:

– Denne prisen er ikkje berre ei anerkjenning av mitt eige virke, men av den samla forskinga på rase, rasisme, og nasjonalisme. Ofte har akademikarar innanfor dette feltet blitt møtt med reaksjonar om at dette ikkje er seriøst nok, det er ikkje ekte forsking. No håper eg desse problemfelta, som eg har via livet mitt til, vil bli styrkte.

Ironisk fascisme

Gilroy har ofte blitt omtala som ein optimist, men vedgår at dette er ei haldning som har blitt kraftig utfordra dei siste åra:

– Grensene for kva som er akseptabelt å seie offentleg er i ferd med å flyttast, som ein konsekvens av dei nye nasjonalistiske og rasistiske prosjekta.

Den britiske professoren har fått med seg den mykje kritiserte invitasjonen av tidlegare sjefsstrateg for den amerikanske presidenten, Steve Bannon, til å snakke på Nordiske Mediedagar i Bergen.

Han omtalar Bannon som ein ny-fascist - og meiner at vi bør lytte til han:

– Fascismen i 2019 er ironisk, den er morosam, den er smart. Eg har kollegaar og studentar som ikkje kjende den att som fascisme i det heile. Derfor er det viktig å lytte, svært godt, til det som Bannon og hans meiningsfellar seier – elles veit du ikkje korleis fascismen høyrest ut i vår tid.

Som eit døme på ironisk fascisme trekker Gilroy fram alt-right-rørsla sin bruk av frosken Pepe, ein teikneseriefigur. President Trump er mellom dei som har lagt ut bilete av seg sjølv framstilt med ansiktet til denne frosken.

– Sjølv om Pepe the Frog ser harmlaus ut, så fungerer den i praksis som eit hakekors, forklarer Gilroy.

– Den har blitt eit uttrykk for fascistisk solidaritet.

Den historisk orienterte rasisme-forskaren er oppteken av at ein no må lære seg å kjenne att fascistisk retorikk på nytt. Aktørane som nyttar seg av denne i dag prøver å unngå å bli stempla som fascistar – enn så lenge.

– Det er ikkje sikkert dei kjem til å bry seg med å unngå det så mykje lenger, seier han.

Samtidig som han er interessert i at folk skal lytte til bodskapane frå ytre høgre, meiner Gilroy at ein ikkje må lyfte fram folk som Steve Bannon i ytringsfridomen sitt namn.

- Ikkje presenter dei som døme på grensene for ytringsfridomen – det er akkurat det dei vil at vi skal gjere! Desse menneska nyttar forsvaret for ytringsfridomen til å tøye grensene for kva som er greitt å seie offentleg.

Norsk slavehandel

I arbeidet sitt har Gilroy vore oppteken av potensialet som ligg i å lyfte fram gløymde, eller nedtona, perspektiv på historia. Under opphaldet i Bergen har han merka seg det omdiskuterte Sjømannsmonumentet, som framstiller Norge som sjøfartsnasjon gjennom tusen år. Rolla vi spelte i den trans-atlantiske slavehandelen er derimot ikkje med.

- Eg trur det ville vere svært bra for Norge å ta debatten om kva den historiske slavehandelen landet tok del i har å seie for samfunnet i dag. Det ville vere ein sjanse til å få ei rikare forståing av norsk identitet.

I den prislønte akademikaren sitt heimland har denne forma for historisk utgraving møtt stor motstand. Både universiteta i Oxford og Cambridge var store investorar i slavehandelen, forklarer Gilroy.

- Så det er eit sunnheitsteikn dersom det norske samfunnet kan opne dette arkivet. Notida sine rasistiske krefter kjem til å kritisere det, kalle det politisk korrektheit, og seie at hendingar på 1700-talet er irrelevante for dagens situasjon. Men sjå på den statuen, der hendingar frå tusen år tilbake framleis vert framstilt som ein del av identiteten dykkar!

Ta Pippi-debatten seinare

- Ei anna tilnærming til historia som har blitt kritisert som politisk korrekt, er endringa av språkbruk som i dag vert oppfatta som støytande. Slik som då ordet «negerkonge» vart fjerna frå bøkene om Pippi Langstrømpe. Er dette også ein kamp du meiner det er verdt å ta?

- Det kjem an på. Då eg sjølv las Pippi Langstrømpe til dottera mi tok eg ikkje ut dette ordet. Folk burde bruke fantasien sin meir i møte med slike problemstillingar! Eg viste dottera mi bileta i Pippi, og vi snakka om korleis dei svarte menneska var framstilte. Det hindra oss ikkje i å samtidig kose oss med boka, det hindra ikkje dottera mi i å identifisere seg med personane i den.

Gilroy sukkar, og lener seg tilbake i stolen.

- Veit du, dette er eit sånt eksempel som gjer meg oppgitt, fordi det får anti-rasisme til å verke tåpelig, trivielt! Det er som ein gåvepakke til alt-right gjengen. Av alle problem vi har som er knytte til rasisme... og så går ein for Pippi Langstrømpe! Eg ville ha starta med noko anna, og tatt Pippi-debatten seinare.

- Kva ville du ha starta med?

- I Norge? Vel, eg ville kanskje ha snakka om kva for haldningar, kva for gjestfridom, som vil krevjast i møte med den uunngåelige transformasjonen av eit stort, og – i mange sine auge - relativt tomt land, som vil måtte ta imot mange menneske utanfrå etterkvart som effektane av klimaendringane set inn.

Den hese latteren bryt inn i talestraumen igjen, før han utbryt:

- So, there's plenty to get on with!

---

Paul Gilroy

  • Britisk historiker, født i 1956
  • Professor i amerikansk og engelsk litteratur ved King's College London
  • Får Holbergprisen for sin banebrytende forskning, blant annet innenfor kulturstudier, kritiske rasestudier, sosiologi, historie, antropologi og afro-amerikanske studier
  • Holdt i går Holbergforelesningen: «Never Again: Refusing Race and Salvaging the Human» i Universitetsaulaen i Bergen

---

Les mer om mer disse temaene:

Helene H. Hareide

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur