Framleis enormt kjønnsgap på Wikipedia
Mellom 80 og 90 prosent av frivillige wikipediaskribenter er menn. – Eit enormt problem, seier Oslo Kvinnesaksforening. Rødlenke-prosjektet sikter på å rekruttera fleire kvinner.
– Det går så frykteleg treigt at eg blir både sint og oppgitt, fortel Vigdis Lian frå Norsk Kvinnesaksforening idet ho blir spurd om den skeive kjønnsfordelinga på Wikipedia.
Den skeive kjønnsfordelinga blant bidragsytarane på det frivillige oppslagsverket har vore eit problem sidan Wikipedia såg dagens lys i 2001. Kjønnsgapet gir store utslag i kva saker som blir skrivne og redigert. Det viser seg at biografiar om kvinner berre utgjer 22 prosent av alle biografiar på norskspråklege Wikipedia. Når det kjem til forskarbiografier meldte fagbladet Forskerforum at det her berre er 8,8 og 6,5 prosent, på høvesvis bokmål og nynorsk, som tek for seg kvinnelege forskarar.
Ubalansen på Wikipedia er eit internasjonalt fenomen. The Guardian illustrerte det heile i 2014 med korleis engelskspråklege Wikipedia hadde, og framleis har, fleire redigeringar og bidragsytarar til lista over kvinnelege pornostjernar, enn over kvinnelege forfattarar.