Framleis enormt kjønnsgap på Wikipedia

Mellom 80 og 90 prosent av frivillige wikipediaskribenter er menn. – Eit enormt problem, seier Oslo Kvinnesaksforening. Rødlenke-prosjektet sikter på å rekruttera fleire kvinner.

Tidlegare direktør i Norsk filminstitutt og nestleiar i Oslo Kvinnesaksforening er oppgitt over kjønnsfordelinga på Wikipedia. Ho ønsker fleire med på Rødlenke-prosjektet.
Tidlegare direktør i Norsk filminstitutt og nestleiar i Oslo Kvinnesaksforening er oppgitt over kjønnsfordelinga på Wikipedia. Ho ønsker fleire med på Rødlenke-prosjektet.
Kjersti Lie (72) er moglegvis ikkje den typiske wikipedianer, seier ho sjølv, og skulle gjerne hatt fleire som ho med på laget. Her er ho avbiletet med prisen ho fekk som årets norske wikipedianer i 2016. Foto: Jorid Martinsen

Tidlegare direktør i Norsk filminstitutt og nestleiar i Oslo Kvinnesaksforening er oppgitt over kjønnsfordelinga på Wikipedia og ønsker fleire med på Raudlenke-prosjektet.
Tidlegare direktør i Norsk filminstitutt og nestleiar i Oslo Kvinnesaksforening er oppgitt over kjønnsfordelinga på Wikipedia og ønsker fleire med på Raudlenke-prosjektet.
Publisert Sist oppdatert

– Det går så frykteleg treigt at eg blir både sint og oppgitt, fortel Vigdis Lian frå Norsk Kvinnesaksforening idet ho blir spurd om den skeive kjønnsfordelinga på Wikipedia.

Den skeive kjønnsfordelinga blant bidragsytarane på det frivillige oppslagsverket har vore eit problem sidan Wikipedia såg dagens lys i 2001. Kjønnsgapet gir store utslag i kva saker som blir skrivne og redigert. Det viser seg at biografiar om kvinner berre utgjer 22 prosent av alle biografiar på norskspråklege Wikipedia. Når det kjem til forskarbiografier meldte fagbladet Forskerforum at det her berre er 8,8 og 6,5 prosent, på høvesvis bokmål og nynorsk, som tek for seg kvinnelege forskarar.

Ubalansen på Wikipedia er eit internasjonalt fenomen. The Guardian illustrerte det heile i 2014 med korleis engelskspråklege Wikipedia hadde, og framleis har, fleire redigeringar og bidragsytarar til lista over kvinnelege pornostjernar, enn over kvinnelege forfattarar.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS