Fornuftig melding om NRKs framtid
Kulturminister Thorhild Widvey la fram ei god stortingsmelding om allmennkringkasting og mediemangfald.
NRK1 presenterte nettopp Dagsrevyen i ny drakt, her med nyhendeankera Ingvild Bryn og Jon Gelius. NRK-meldinga er kanskje Widveys beste politiske handverk så langt, meiner kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Terje Pedersen / NTB scanpix
Thorhild Widvey har fått mykje kritikk sidan ho byrja som kulturminister. Seinast fekk ho gjennomgå for å mangle visjonar i filmpolitikken og for forslaget om at staten ikkje lenger skal drive Cinemateket i Oslo.
Stortingsmeldinga om allmennkringkasting og mediemangfald, som Widvey la fram fredag, verkar mykje betre tenkt og gjennomarbeidd. Kanskje kan ein seie at regjeringa gjer det enkelt for seg sjølv ved å utsetje spørsmålet om NRK-lisens og alternative finansieringsmodellar. Regjeringa set ned eit ekspertutval som skal sjå nærmare på dette spørsmålet.
Eit anna hovudpunkt er at NRK i endå større grad skal ha eit «sjølvstendig ansvar» for å sikre det norske mediemangfaldet. Kan det bli bukken som passar havresekken her? I det store og heile er likevel meldinga prega av fornuftige forslag og endringar.
Bestill abonnement her
KJØP