Sorgfulle høgder i spelefilmen Jackie

Natalie Portman imponerer i rolla som Jacqueline Kennedy. Men den biografiske spelefilmen Jackie skrevar ein smule mellom eksistensiell djupne, tårescener og kjølig historieforteljing.

Oscarfavoritt: Natalie Portman er nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for tolkinga av Jackie Kennedy.
Publisert Sist oppdatert

Historia om Jacqueline Kennedy er ei historie full av tunge lagnader. Ho nådde dei store politiske høgder saman med mannen John F. Kennedy, som var president i USA frå 1961 til 1963. Samtidig opplevde ho å miste to barn – eitt dødfødd og eitt som berre levde i 39 timar – før mannen hennar blei skoten mens han sat ved sida av henne i ein open bil.

Storslått gravferd

Den biografiske spelefilmen Jackie skildrar Jackie Kennedy i dagane etter attentatet, og korleis ho planlegg den storslåtte gravferda for mannen. Jackie ønskte ein gravferdsparade gjennom gatene, sjølv om dette utgjorde ein stor tryggleiksrisiko både for henne sjølv og for alle statsleiarane som kom for å delta i gravferda til John F. Kennedy.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP