Film

Kampen mot systemet

Leviatan blir i Bibelen omtalt som eit frykteleg sjøuhyre. Den russiske filmen med same namn er like skremmande.

MELDING: I Jobs bok i Bibelen møter vi ein mann som mister alt, både kone, barn og eigedom. Lagnaden er på sett og vis den same for hovudpersonen i den russiske filmen Leviatan, som denne veka blei nominert til Oscar for beste utanlandske film. Kolja (Aleksej Serebrjakov), eit kjælenamn for Nikolaj, bur ein stad mot nord, i den russiske provinsen, saman med den yngre kona Lilja (Elena Ljadova) og sonen frå eit tidlegare ekteskap, Roma (Sergej Pokhodaev). Kolja er ikkje rik, han arbeider som bilmekanikar og altmoglegmann, men har eit hus på ei fin tomt ved havet. Denne tomta ønskjer den korrupte borgarmeisteren Vadim (Roman Madianov) å slå kloa i. Vadim har ekspropriert tomta for ein billeg penge, men Kolja kjempar imot. Han har engasjert ein gammal kamerat som er blitt hotshot-advokat i Moskva, Dima (Vladimir Vdovitsjenkov), til å ta opp kampen mot det rotne systemet.

LES FILMANMELDELSE: Staying Alive i bitter skilsmisse

Bibelsk symbolisme

Den russiske regissøren Andrej Zvjagintsev er særleg kjent for filmperlene Tilbake (2003), Forvist (2007), med Maria Bonnevie i ei av hovudrollene, og Elena (2011). Blant dagens russiske regissørar er han den som står Andrej Tarkovskij nærmast både i stilistisk uttrykk og evne til eksistensiell refleksjon. I Leviathan kombinerer han ein sterk bibelsk symbolisme med klassisk filosofi og statsteori, samtidig som filmen i seg sjølv står fram som ein thriller. Det er rimeleg eksepsjonelt, og Zvjagintsev lukkast i stor grad med balansen.

Ordet «Leviatan» kjem altså frå Bibelen, der han blir omtalt som eit frykteleg sjøuhyre. Levitan står så vidt nemnt i Salmane og Jesaja, men får si store tyngde frå Herren sjølv når han tek til orde i Jobs bok. Faktisk er det Leviatan som er klimakset når Gud refsar Job for måten han har opponert og klaga på. «Eg vil ikkje teia om Leviatan,» seier Gud, og held deretter ord. Ingen andre dyr i Bibelen får like utfyllande og rosande omtale frå Gud – i grunnen nokså pussig all den tid mange moderne kristne, vil eg tru, oppfattar Leviatan allegorisk eller som eit fabeldyr. Leviatan blir skildra som ein frykteleg drakeliknande skapnad som lever i havet, omtrent som Midgardsormen, og som kongen over alle stolte rovdyr. Ei tolking er sjølvsagt at Leviatan er ei krokodille, med dobbelt panser, skrekkeleg tanngard og skjold på ryggen, men det forklarer ikkje elden som går ut av gapet hans.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Klassisk filosofi

Nok om Bibelens Leviatan. I filmen brukar Zvjagintsev i stor grad det truande havet til å etablere den truande parallellen, til sams med gamle knoklar i strandkanten. Like interessant er filosofens Thomas Hobbes verk Leviathan frå 1651, der Leviatan blir ein metafor for den perfekte regjeringa som kan bevare fred og hindre borgarkrig. I Zvjagitsevs film er den nemleg den einselege mannen mot det store systemet, mot regjeringa, som er hovudsaka. Nedslåande nok: Den kampen er det svært vanskeleg for eit enkelt menneske å vinne, uansett kor stor kampiver ein kan legge for dagen. Slik sett er filmen ikkje så reint lite skummel.

Som i alle Zvjagintsevs filmar er det også i Leviatan nydeleg foto, med fleire meditative og ettertenksame klipp. Skodespelet, ikkje frå Aleksej Serebrjakov i hovudrolla, er imponerande truverdig. Serebrjakov etablerer ein skapnad med både sterk identifikasjonsfaktor og ein viss kulturell avstand. Kanskje er nokre «typiske» russiske trekk trekte litt for langt; her skyl vodkaen inn like hyppig som bølgjene frå havet. Zvjagintsev har også vore litt for påpasseleg med at sjåaren skal få med seg den bibelske metaforen – eg trur han hadde tent på å underspele denne i større grad.

LES MER: Kan fylle kofferten med Oscar-statuetter

Oscar-favoritt

Dette hindrar likevel ikkje at Leviatan er ein av dei mest interessante filmane som kjem på kino no i vinter, og ein svært sterk kandidat til Oscar-statuetten for beste utanlandske film. Gå og sjå denne! Filmen blei vist på Filmfestivalen i Tromsø denne veka, og får ordinær kinopremiere førstkommande fredag.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film