Eventyret om Mette-Marit og Murakami

KOMMENTAR: At ei kronprinsesse leiar litterære samtalar, er internasjonalt sett oppsiktsvekkande. Mette-Marits meistermøte med den japanske forfattaren Haruki Murakami er med på å skape leselyst.

HJARTE FOR LITTERATUREN: Kronprinsesse Mette-Marit dukkar ofte opp i litterære samanhengar. På Litteraturfestivalen på Lillehammer samtalte ho torsdag ettermiddag med den japanske forfattaren Haruki Murakami.
Publisert Sist oppdatert

Vi har eit kongehus som er opptatt av kunst og kultur. Om ei og ei halv veke skal prinsesse Ingrid Alexandra på besøk til Miniøya i Oslo – barnas eigen musikk- og aktivitetsfestival. Dronning Sonja er aktuell med ny bok, attpåtil om Sunnmørsalpane. Og torsdag ettermiddag var det kronprinsesse Mette-Marit som samla både publikum og presse under Litteraturfestivalen på Lillehammer.

Kronprinsessa samtalte i Maihaugsalen med ein av favorittforfattarane sine, japanske Haruki Murakami. Forfattaren som er kjent for bøker som Norwegian Wood, Kafka på stranden og 1Q84, i tillegg til sakprosaboka Hva jeg snakker om når jeg snakker om løping, er eit skup for litteraturfestivalen som i år fyller 30 år.

Skupet blir ikkje akkurat mindre av at det er Mette-Marit som er samtaleleiaren. At kongelege driv med slikt, er ikkje noko vi skal ta for gitt eller stille oss likegyldige til. Kronprinsessa sitt engasjement for litteraturen er verken påtatt eller strategisk – det er eit ekte og langvarig bankande hjarte for dei gode bøkene som driv henne.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS