Endrar kontroversiell tittel

Karl Ove Knausgårds Min kamp 1 blir til Å dø når boka lanserast på tysk forlag neste år.

Publisert Sist oppdatert

Tittelen Sterben, som tyder «å dø», er bestemt i samarbeid mellom forfattaren sjølv og det tyske forlaget Luchterhand. Knausgårds verk får dermed ikkje same tittelen som Hitlers ideologiske manifest Mein Kampf.

– Det var heilt klart frå starten av at vi ikkje kunne bruke denne tittelen i Tyskland, seier pressetalsmann Karsten Rösel i Luchterhand.

– Det ville skapt kaos her, og gje feil inntrykk av boka til lesarane, seier han.

Powered by Labrador CMS