Eit nådens år
Kva om det er slik at gudsriket bryt fram overalt der hjelpelause får hjelp, bundne blir frigjorte og knuste hjarte blir forbundne?
Om du kikkar opp på den mørke himmelen, ser han ikkje særleg annleis ut enn nattehimmelen heime. Ikkje særleg annleis enn nattehimmelen då Jesus blei fødd, skriv Ann Kristin van Zijp Nilsen.
Vidar Ruud
Bibelrefleksjon til 1. søndag i advent
Bli med opp i det kuperte bylandskapet i Nasaret. Bli med forbi den store Bodskapsbasilikaen – kyrkja som heidrar minnet om at engelen Gabriel fortalde Maria at ho var gravid akkurat her i byen. Bli med vidare forbi falafelkaféane og frukthandlarane, forbi klesforretningane og kjøkkenutstyrsbutikkane, og inn i dei tronge gatene i gamlebyen. Her kan du finna ei dør der det står Synagogekyrkja. Ein trur det var på denne staden Jesus talte til sambygdingane sine for to tusen år sidan.
På Jesu tid budde det omtrent 50 familiar i Nasaret, og i den vesle synagoga var det truleg som det var andre stader: Under lekmannsgudstenesta kvar sabbat bad forstandaren gjerne tilreisande om å lesa frå bokrullen og tala. Ein tilsynelatande heilt vanleg laurdag er Jesus på besøk. Sidan sist er han blitt omreisande rabbinar. Framføre han sit kanskje naboen som han skifta sypressbjelkane i taket hjå, ein annan nabo som kjøpte den første døra han snekra som ungdom, to barndomsvenner, hebraisklæraren dei hadde, kanskje nokre slektningar. I alle fall alle dei som har kjent han heile livet som Yeshua ben Yosef.