Eit lite dytt i rett retning
Det er noko ertelystent over tittelen på kritikar Kjetil Røed si siste bok, Kunsten og livet: En bruksanvisning. Men greier han å argumentere for at kunsten er nyttig?
MANET: Kjetil Røed bruker stor plass på å tolke Éduoard Manet sitt gjennomdiskuterte meisterverk Olympia. Kritikar Maria Horvei er ikkje så begeistra.
At kunst kan tene bestemte føremål, bør vere ukontroversielt å hevde. Visst er det brei semje i dei fleste kunstinteresserte krinsar å ikkje pålegge kunsten ei viss oppgåve eller funksjon, men dette handlar fyrst og fremst om å sikre at skapinga av kunsten er fri og utan føringar.
I Kunsten og livet hentar Røed fram elleve konkrete dygder han meiner kunsten kan lære oss noko om: Merksemd, dømmekraft, tilbaketrekning, nysgjerrigheit, erkjenning, håp, tvisyn, handverk, kjærleik, samarbeid og solidaritet. Han kallar prosjektet sitt for eit utkast til «dydsestetikk», i forlenging av Aristoteles' dygdsetikk: Ei tilnærming til kunsten som «et redskap for utforskingen av verdier som gir retning til et liv.»
Politisk potensiale
Bestill abonnement her
KJØP