Diktar liv i abbedisse frå mellomalderen
FORFATTARINTERVJUET: Aina Villanger skulle skrive ei diktsamling om papirfabrikken på Klosterøya i Skien. Så vart ho fengsla av namnet Baugeid Dagsdatter — abbedisse ved mellomalderklosteret Gimsøy.
For Aina Villanger er det viktig at ein også kan lese humor inn i dette. – I mellomalderen var jo narrkulturen svært viktig. Komedien kunne vere ventil for ein etter kvart trykkande kristendom, og det var mykje merkeleg komikk om døden og sjela i tekstane eg fann, seier ho.
Joakim S. Enger
– Det er få som veit noko om kvifor denne bydelen heiter Klosterøya, for det finst ingen ruinar eller leivningar etter klosteret, seier forfattar Aina Villanger.
Fem år er gått sidan ho debuterte med diktsamlinga langsang. et flytans habitat i 2012. No er ho aktuell med prosaverket Baugeids bok.
Villanger er sjølv frå Skien og har lenge hatt lyst til å skrive om Klosterøya, eit viktig historisk område, blant anna grunna papirfabrikken som vart bygd der i 1873. Ho søkte til kommunen om prosjektstipend og fekk det. Men då ho byrja å lese i det historiske materialet, skjønte ho at det ikkje var fabrikktida ho ville skrive om.
Bestill abonnement her
KJØP