Det store fellesskapet
Eit av dei største filmeventyra er komme til vegs ende. Er du heldig får du sjå det gjennom eit barns auge.
Det sterke limet i Infinity War og Endgame, er banda som er knytt mellom karakterane og oss i kinosalen. Her er rustninga til Thanos, skurken som greidde å utslette halve universet i Infinity War.
IMDB.com
På verdspremieren til Avengers: Endgame er både eg og min 12 år gamle son så nervøse at vi knapt snakkar til kvarandre. Sidan vi saman såg Ant-Man på kino i 2015, har vi sett alle dei 21 filmane som er lagd i Marvels superheltunivers frå 2008 og til no. Vi har venta i nokre år på denne grandiose finalen. Vil universet no rakne? Vil nokon av dei sentrale karakterane døy? Vil filmen rett og slett vere dårleg?
Etter berre ti minutt begynner eg å gråte.
Varme og ekspansjon
Bestill abonnement her
KJØP