Den vesle festivalen som blei ein gigant
MUSIKK: Publikum er nesten hundre gonger så stort som for 25 år sidan. Men ideen bak Øyafestivalen er den same: Kvalitet.
HØGDEPUNKT: Blant høgdepunkta så langt under Øyafestivalen var konserten med den britiske 54-åringen PJ Harvey, meiner Alf Kjetil Walgermo.
Terje Bendiksby
Litt over tusen menneske fekk med seg den første Øyafestivalen i 1999. Det var ein kompisgjeng knytt til eit knippe musikklubbar i Oslo som drog i gang festivalen, og bookingsjef Claes Olsen kjente nesten alle som kom dit for å høyre band som Big Bang, Madrugada, Jaga Jazzist og Midnight Choir. Iallfall ifølgje bookingsjefen sjølv. Kanskje var det ei mild overdriving Olsen framførte under den vesle opningstalen før 25-års-jubilumskonserten denne veka. Men langt frå sanninga er det vel heller ikkje.
Øya er den vesle festivalen som blei ein gigant. Frå dei første åra på Kalvøya – derav festivalnamnet – blei Øyafestivalen raskt større etter at han flytta til Middelalderparken i Oslo sentrum, og seinare vidare til Tøyenparken. Frå det første «vippepunktet» i 2002, med Motorpsycho på plakaten, har Øya vore ein stor musikkfestival. Besøkstala har etter kvart lege jamt på mellom 80.000 og 100.000 besøkande over fire dagar.
Irriterande lydlekkasje