Den grenselause godleiken
LITTERATUR: Bergljot Kaslegard vil sprenge seg ut av gamle mønster. Det inneber også eit farvel til den kristne trua hennar.
OPPGJER: Forfatter Bergljot Kaslegard har forlate den kristne trua og meiner at kristne ikkje er flinke nok til å snakke om å elske seg sjølv. Ho er aktuell med romanen «Elvira har klikka».
Sindre Deschington
– For ti år sidan blei eg skild. I forkant av det, før alt eigentleg rakna, sa eg til den dåverande mannen min: Eg trur jo ikkje på Gud. Og det har eg ikkje gjort på ganske lenge, seier Bergljot Kaslegard.
Den norske forfattaren som tidlegare var kjent som Bergljot K. Nordal, hadde i starten av karrieren eit litterært prosjekt om å skrive inn kristen tru i norske samtidsromanar. Både debutromanen Magda (2009) og Ruts bok (2012) føyer seg inn i dette biletet.
Med den nye romanen Elvira har klikka skriv ho den kristne trua ut. Romanen er prega av sinne, erkjenner Kaslegard. Eit sinne over å ha kjent seg innskrenka – og over å ha innskrenka seg sjølv.