Utan kunsten har vi ei stum tru

KOMMENTAR: Å nedprioritere kunsten og kulturen er i djupare forstand å avkristne samfunnet. Motsett viser Oslo Kulturnatt oss eit glimt av nåden.

MANGFALDET I KUNSTEN: Oslo domkirke byr på sju minikonsertar under Oslo Kulturnatt fredag 12. september: Oslo Domkirkes Guttekor, Trefoldighet Jentekor, Oslo Domkor, Oslo Domkirkes Ungdomskor, Consortium Vocale Oslo, Oslo domkirkes organistar og unge studentar frå Norges musikkhøgskole.
Publisert

Kunsten og kulturen har alltid gått hand i hand med religionen. Utan kunsten ville vi på mange måtar hatt ei stum tru.

Tenk på poesien i Bibelen, tenk på salmesongen og kyrkjemusikken. Ja, sjølv gudshusa vi samlast i er i stor grad utforma etter ein kunstnarisk visjon. Det finst flust av arkitektoniske meisterverk frå den minste bygdekyrkje til den største katedralen i ein verdsmetropol.

Glasmaleri, utskjeringar og freskar har i hundrevis av år vore «dei fattige sin bibel». Ikonar har gitt form til djup religiøs innsikt og essens. Bak alle desse uttrykka finst det kunstnarar som har gitt sitt beste i møte med dei store spørsmåla.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP